Velkommen til nettverkssamling

Onsdag 17. november 2021 inviterer biskop Anne Lise Ådnøy til nettverkssamling for kvinner som er prestar, teologar eller teologistudentar. Hovudtemaet blir arbeidsmiljøundersøkinga for kvinner i presteteneste.

Biskop Anne Lise Ådnøy ved vigslingen av Sola kirke. Foto: Øystein Viland

Me opnar dørene kl. 09.30 for ein kopp kaffi og ein prat, og så startar programmet kl. 10.00. Arrangementet er ferdig kl. 14.00.

Samlinga finn stad på hotell Scandic Stavanger City i Reidar Berges gate 7, Stavanger.

Påmelding

Deltakaravgifta vert dekka av Stavanger biskop. Meld deg på i dag! Påmeldingsfristen er 22. oktober 2021.

Program

09.30 Kaffi eller te og ein prat
10.00 Videohelsing frå biskop Anne Lise Ådnøy (som er på visitas)
10.15 Presentasjon av arbeidsmiljøundersøkinga og handlingsplanen
         ved stiftsdirektør Jorunn Kraft Vistnes
         respons frå stiftsstyreleiar Silje Barkved Fossan og
         høgskolelektor Karen Margrete Eikenes Mestad
11.30 Lunsj
12.30 Samtale
13.30 Pause
13.40 Liturgisk avslutning
14.00 Slutt

Målgrupper

  • Tilsette i Stavanger bispedømmeråd
  • Tilsette i fellesråd
  • Pensjonistar
  • Teologar
  • Teologistudentar

Arbeidsmiljøundersøkinga

Her kan du lesa meir om resultatet av arbeidsmiljøundersøkinga for kvinner i presteteneste, som Kyrkjerådet la fram i vår.

Årets komite

Programmet vert planlagd av leiar for stiftsstyret i Presteforeningen og sokneprest i Sørnes kyrkjelyd Silje Barkved Fossan, sokneprest i Høyland kyrkjelyd Synøve Roalkvam, trusopplæringsrådgjevar ved bispedømmekontoret Cecilie Bakkene Pedersen og personalrådgjevar Magnus Andreas Våge.

Tidlegare år

Nettverkssamlinga for kvinner har blitt ein årleg tradisjon, men måtte i fjor avlysast på grunn av koronapandemien. I 2019 var tema for samlinga "Leder eller kvinnelig leder?"

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"